Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hill'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei «underleg» utfordring frå staten Washington som eg vonar at nokon kan sjå på og kanskje hjelpa meg med å løysa? Lars Andreasson Aasen alias Louis A. Hill, fødd i Hafslo 11.9.1863, utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg første gongen i Seattle, WA 15.11.1890 med Constance Emelia Lien, fødd i Renville Co., MN 23.11.1871. Men dei vart skilde alt kring 1893. Det er noko uklart kva som skjedde dei følgjande åri, men me veit at Louis ei tid budde i Juneau, Alaska! I 1901 kom han heim på vitjing for i 1902 å utvandra på ny. Han skal ifølgje etterkomarar i Washington ha gift seg kring 1903/1904 med Karoline Marie Andersdotter Aarnes frå Årnes i Lurøy, i Amerika kjend som Caroline M. Anderson. Ho var f. i Lurøy 13.8.1874, men utvandra til Amerika i 1903. Dei busette seg i Tacoma, Pierce Co., WA og to born vart fødde: * Anna Bergitte Hill, fødd i Pierce Co., WA 23.11.1905 - etterslekt er kartlagd! * Elmer August Hill, fødd i Pierce Co., WA 23.9.1908 - etterslekt er kartlagd! Men det «underlege» er at denne vigsli ikkje er å finna nokon stad! Derimot finn me at: L. A. Hill of Alaska and Mrs. S. E. Satterwhite of Missouri løyste «marriage license» i Seattle, WA 29.9.1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89V6-88PC?i=41&cc=1534448 medan sjølve vigselsattesten seier han heitte S. A. Hill: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9F5-S3LR?i=72&cc=1534448 Kan det tenkjast at Louis A. Hill har ført eit «dobbeltliv» med ei kone i Seattle, WA og ei «kjæreste» i Tacoma, WA? Eller er brudgomen i Seattle, WA ein heilt annan person? Kvar er i so fall vigsli til Louis og Caroline Anderson?? Her er Louis Hill med kone «Leana» i Tacoma, WA i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYX-NRM?i=13&cc=1727033 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.