Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'hilton'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ein huslyd som eg arbeidde ganske so aktivt med då eg i 1979 og 1982 vitja Minnesota i samband med bygdebokarbeidet for Luster, men eg greidde aldri å komma «til botn» med omsyn til lagnaden til denne ætti! Kanskje er tidi no kommi for å gjera framskritt? Eg vil gjerne først få syna fram eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor! Yngste dotteri Christine og huslyden hennar er alt drøfta i eit anna emne: https://forum.arkivverket.no/topic/218226-knut-haaverson-nundalbergum-fødd-i-luster-1864-til-amerika-1874-gift-to-gongar-og-avliden-i-springbrook-wi-1940-lagnaden-og-huslyden-hans-ei-amerikansk-utfordring/ Men kva skjedde med dei eldre søskeni Christopher, Anna og Nils, og kva med faren Johannes? Som me ser, vart Christopher kring 1882 gift med ein Maria Halvorsdotter (vigsli deira har eg so langt ikkje greidd å finna!), og dei hadde i alle fall to søner, som var fødde i Goodhue Co., MN, før huslyden forsvinn derifrå. Det som so er merkeleg, er at eg ikkje greier finna nokon av dei to sønene i FT1900 eller FT1910! Dei dukkar først opp i WW1 drafti i 1918: * Johan Herman som ungkar i Ft. Smith, AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYT9-9HVN?i=644&cc=1968530 her i WW2 draftet frå 1942: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-7298-96?i=1201&cc=1861144 * Martin Edward som gift i South St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G18H-X2X?i=2527&cc=1968530 her i WW2 draftet frå 1942 (fødestad oppgjeven som Waseca, MN!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99G2-VZL5?i=367&cc=1861144 Ser ein so på FT1920, vil ein oppdaga at Martin med fødestad Wisconsin(!) hadde ei kone frå Colorado og at dei hadde to søner fødde i Oregon i 1912 og 1914: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXQ-SDH?i=15&cc=1488411 So er det denne opplysningi frå WW1 draftet til Johan Herman, som verkeleg har fått hjernevinningane mine til å gå på høgt gir: Mori Mary Anderson er oppgjevi å bu nær Amery, Polk Co., WI, men der står eg «bom fast»! Det er fleire Mary Andersons i Polk Co., WI i perioden 1900 til 1920, men eg greier ikkje å få nokon av dei til å høva! Dersom utsegni frå 1918 er rett, må Maria Halvorsdotter ha gift seg att med ein Anderson...!? Men kva for ein?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne utfordrande biografien!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive