Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'hol i buksnes'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om på 1980-talet, men som eg aldri greidde å gjera heilt komplett. No har Ivar Moe gjort meg merksam på desse folki, og eg tillet meg å leggja huslyden ut som eige tema. Kanskje er det nokon med lokal kunnskap, særleg i Kvernes, som kan supplera med detaljar? Her følgjer eit oppdatert manuskript frå gnr. 57 Sørheim i Luster: ~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christenson Fortun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. {i Luster} 17.7.1835, Johannes Fortun flytte i 1863 til Helgeland og tente ei tid på garden Tjøttøy i Tjøtta, men flytte før 1875 til Buksnes der han 9.8.1885 gifte seg med Judith Eriksdotter frå Langø i Kvernes. Ho var dotter av husmann og fiskar Erik Johannesson på ein plass ##### (kva for ein plass?) under Langø, opphavleg frå ##### (far Johannes Erikson Langø) og første kona Jacobine Jacobsdotter frå ##### (far Jacob Johannesson Bulnes? - sjå vigsli i Kvernes 2.12.1847: https://media.digitalarkivet.no/view/2281/296 og f. i Kvernes 17.4.1850. Johannes var murar og fiskar, og han og Judith budde på Huldrehaugen under Svarholt i Buksnes der Judith d. 7.3.1892. Johannes vart buande på Huldrehaugen fram til kring 1905. Som enkjemann flytte Johannes Fortun, til dagleg kalla «nordlendingen», kring 1905 attende til Luster, og då plassen på Nylenda vart ledig i 1908, flytte han inn her. Han livnærte seg som jordbruksarbeidar og budde på Nylenda til han kring 1915 vart «bortsett» på ein plass under Ottum der han d. 17.6.1921. Då «nordlendingen» flytte herifrå, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. I 1950 vart Nylenda ein del av Gelseng, Sørheim (bnr. 17), og stovehuset på plassen vart ståande like til Ragnvald Fjøsne reiv det i 1960-åri. Me kjenner til tre born etter Johannes og Judith: ##### (kan det ha vore fleire?) a. Johan Kristian Johannesson Fortun, f. i Buksnes 13.1.1886, d. i Buksnes 3.8.1888. b. Johan Kristian Johannesson Fortun, tvilling, f. i Buksnes 9.7.1889, ##### (n. 1900 – lagnaden hans? – døydde før 1921!) c. Gjertina Sofia Johannesdotter Fortun, likeins tvilling og f. i Buksnes 9.7.1889, kom attende til Luster med far sin og d. på Mørkrid 23.7.1960. Ho var ugift, men fekk ein son: ‑ Julius Hansson Mørkrid (1911‑1965), son av Gjertina og husmannssonen Hans Hansson Havreberg frå Hilleren under Havraberg (1889‑1911), vart oppalen på Mørkrid midtre, Mørkrid (bnr. 6) og vart gardbrukar der (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.