Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'kvernes'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 3 resultater

  1. Eg skriv masteroppgåve i historie om bonderepresentantar til Stortinga 1833 og tom. 1842, der eg særleg ser på deira forhold til haugianske nettverk lokalt. Eg håper å finne ein liten brikke som kan vise meir om kvifor bøndene mobiliserte politisk omkring 1833. Tesa om ei indirekte virkning frå Hans Nielsen Hauge i bondepolitikken går tilbake til Halvdan Koht på 1920-talet, og strekk seg opp til i dag. Eg gjer no ei nærstudie av bønder som blei vald inn frå Romsdals amt i perioden. Ein slik representant var Ole Larsson Qvam, som flytta frå indre Sogn til Bolsøy, Romsdal i 1812. Han gifta seg med Johanna Pedersdotter Ryen i 1820/21, ho var frå ei sterk haugianarslekt. Gjennom boka til J. Utheim frå 1899 har eg fått vite at Esten, bror til Johanna, skreiv dagbok gjennom livet. Han og Ole skal ha hatt ein del kontakt. Eg lurer på om nokon veit noko om ei slik dagbok frå Esten -- finnes den framleis? Det hadde vore utruleg nyttig for meg i analysen av Ole Qvam. Esten: Fødd nær Tolga, flytta til Nordmøre ca 1810 med familien, budde lenge i Torvik, så bytta familien gard med Grendahl-folk på Utheim, Kvernes pr.gj., no Averøy. Gifta seg med ei frå Bolsøy 1832, var klokkar, skulemann, valmann., truleg haugianar, viktig person i Kvernes og omegn. Boka til J. Utheim: https://www.nb.no/items/7b154e463f5ec8683845ae407afddc73?page=0&searchText=j.utheim Takk for alle svar!
  2. For perioden 1869 - 1877 er kirkebøkene for Kvernes pr.gjeld med sokna Kvernes, Bremsnes, Kornstad og Eide ført sammen i ei og samme ministerialbok. For perioden 1878-1884 er sokna ført hver for seg i den samme ministerialboka. Dersom jeg søker etter Bremsnes, Kornstad eller Eide, enten samla eller hver for seg, kommer ikke denne boka opp. Jeg må bruke søkeordet Kvernes for å få de andre sokna opp, men for Bremsnes, Kornstad og Eide får jeg ikke opp handlingene for 1878-1884. Kirkeboka står oppført slik på Digitalarkivet: SAT/A-1454 568: Kvernes L0805: Ministerialprotokoll, Kvernes prestegjeld Arkivreferanse: SAT/A-1454/568/L0805 Ministerialbok for Kvernes prestegjeld 1869-1877 / Kvernes sokn 1878-1884 Geografi Fylke: Møre og Romsdal Kommune (1947): Kvernes Geografisk område: Kvernes prgj., Kvernes sokn, Eide sokn, Kornstad sokn, Bremsnes sokn
  3. Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om på 1980-talet, men som eg aldri greidde å gjera heilt komplett. No har Ivar Moe gjort meg merksam på desse folki, og eg tillet meg å leggja huslyden ut som eige tema. Kanskje er det nokon med lokal kunnskap, særleg i Kvernes, som kan supplera med detaljar? Her følgjer eit oppdatert manuskript frå gnr. 57 Sørheim i Luster: ~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christenson Fortun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. {i Luster} 17.7.1835, Johannes Fortun flytte i 1863 til Helgeland og tente ei tid på garden Tjøttøy i Tjøtta, men flytte før 1875 til Buksnes der han 9.8.1885 gifte seg med Judith Eriksdotter frå Langø i Kvernes. Ho var dotter av husmann og fiskar Erik Johannesson på ein plass ##### (kva for ein plass?) under Langø, opphavleg frå ##### (far Johannes Erikson Langø) og første kona Jacobine Jacobsdotter frå ##### (far Jacob Johannesson Bulnes? - sjå vigsli i Kvernes 2.12.1847: https://media.digitalarkivet.no/view/2281/296 og f. i Kvernes 17.4.1850. Johannes var murar og fiskar, og han og Judith budde på Huldrehaugen under Svarholt i Buksnes der Judith d. 7.3.1892. Johannes vart buande på Huldrehaugen fram til kring 1905. Som enkjemann flytte Johannes Fortun, til dagleg kalla «nordlendingen», kring 1905 attende til Luster, og då plassen på Nylenda vart ledig i 1908, flytte han inn her. Han livnærte seg som jordbruksarbeidar og budde på Nylenda til han kring 1915 vart «bortsett» på ein plass under Ottum der han d. 17.6.1921. Då «nordlendingen» flytte herifrå, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. I 1950 vart Nylenda ein del av Gelseng, Sørheim (bnr. 17), og stovehuset på plassen vart ståande like til Ragnvald Fjøsne reiv det i 1960-åri. Me kjenner til tre born etter Johannes og Judith: ##### (kan det ha vore fleire?) a. Johan Kristian Johannesson Fortun, f. i Buksnes 13.1.1886, d. i Buksnes 3.8.1888. b. Johan Kristian Johannesson Fortun, tvilling, f. i Buksnes 9.7.1889, ##### (n. 1900 – lagnaden hans? – døydde før 1921!) c. Gjertina Sofia Johannesdotter Fortun, likeins tvilling og f. i Buksnes 9.7.1889, kom attende til Luster med far sin og d. på Mørkrid 23.7.1960. Ho var ugift, men fekk ein son: ‑ Julius Hansson Mørkrid (1911‑1965), son av Gjertina og husmannssonen Hans Hansson Havreberg frå Hilleren under Havraberg (1889‑1911), vart oppalen på Mørkrid midtre, Mørkrid (bnr. 6) og vart gardbrukar der (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.