Dette er ei utfordring som eg har slite med i 40 år, og som eg framleis ikkje har klart å finna ut av.
Kanskje er no tidi kommi?
Gjertrud Johannesdotter frå Bergheim i Luster (1816-1867) var i mange år tenestejente på garden Holmestad i Luster. Ho gifte seg aldri, men ho fekk to born:
* Kari «Karen» Hansdotter, fødd i Luster 26.11.1839, utvandra til Amerika frå Bergen i 1867 og busette seg nær Bricelyn i Faribault Co., MN der ho vart gift med Knut Johnson frå Balestrand. Karen Johnson døydde i Faribault Co., MN som enkje 20.5.1925.
* Johannes Olson, fødd i Luster 28.12.1859, voks opp på Holmestad og kalla seg Holmestad då han i 1884 utvandra som korporal frå Bergen til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000673216
** Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Johannes i Amerika?
** Kan det tenkjast at det finst ein liktale (obituary) etter halvsøsteri Karen Johnson som kan hjelpa oss på veg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og held fingrer og têr vel krossa!