Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'holstad'.
Fant 2 resultater
-
Kristine Jetmundsdatter Veddegjerde er ei av mine aner på morssida. Etter Borgundboka var ho fødd i 1711, var frå Sunnylven og frå garden Holstad. Ved nærare ettersyn i kyrkjeboka der det står om giftarmålet mellom Elling Ågeson Veddegjerde og Kristine, ser det ut som det må vere Halstad og ikkje Holstad. https://media.digitalarkivet.no/view/15996/49551/8 Eg har også funne dødsattesten hennar frå 1761. Der er ho kalla Kirsten: https://media.digitalarkivet.no/view/15996/49542/32 Eg har leitt i Sunnylven etter gardar med desse namna, men dei finst ikkje, heller ikkje gardnamn som er tilnærma like. Det finst ein gard med namnet Alstad i Norddalen, og også ein gard Hatlestad, kalla "Hollestad" også i Norddal, men det er det ingen med namnet Jetmund i det aktuelle tidsromet. Derimot finst det ein gard med namnet Helstad i Stranda, og der er det ein Jetmund i det rette tidsromet, nemleg Jetmund Pederson Rødset, som var gardbrukar på Helstad i Stranda. Han døde i 1753, og vart gravlagt den 2. september: https://media.digitalarkivet.no/view/15984/133 Han hadde etter Strandaboka mange born, m.a. ei Kirsti f. 1729. Kirsti og Kristine eller Kirsten kan vel forvekslast, men at ho var fødd i 1729 høver ikkje med den Kristine Jetmundsdatter som var fødd i 1711. Grunnen til at det årstalet dukkar opp finn vi i dødsattesten, der det står at Kirsten er 50 år når ho døyr i 1761. Kan det vere at Holstad/Halstad skal vere Helstad, og at Kristine ikkje er frå Sunnylven, men frå Stranda? Kan det finnast anna dokumentasjon om henne nokon stad?
-
Hei! Jeg har funnet et påbegynt slektstre fra min bestemor. Jeg leter etter informasjon om Johan Peter Pedersen Borgen født 12 april 1842 i Skiptvet. Hvem var hans foreldre? Søsken? Hvem var hans kone Thore Lena Hansen Holstad født 22 mai 1838 i Skiptvet? og hvem var hennes foreldre? Her er det lite jeg vet annet en navn, fødested og fødselsdato. Jeg er veldig nysgjerrig på å forske litt lenger bak, hvem som var deres forfedre og da også mine! Jeg er veldig ny og uerfaren rundt dette med slektsforskning og håper det er noen av dere som kan hjelpe meg :)
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive