Eg syner i dette emnet til følgjande gamle tema frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/200970-johan-fredrik-brandt-1694-1769-klokkar-i-slidre-huslyden-hans-i-bergen/?tab=comments#comment-1697309
Johan Henrich Horchen dukkar opp som brudgom i Bergen første gongen 30.4.1747: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000990190
Han fekk fleire born i dette første ekteskapet, men første kona døydde, og han gifte seg att i Bergen 27.12.1763 med enkja etter skomakar Dominicus Brandt: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000991998.
Dei fekk ein son i 1764, men han d. alt i 1766, og etter den tid ser me ikkje noko meir til Johan Henrik Horchen i Bergen...
Er det mogeleg å finna ut noko meir om Johan Henrik Horchen? Kvar kom han ifrå, og kvar vart det av han?
Kan denne Johan Henrik Hartjen vera same mann: https://www.digitalarkivet.no/view/6/pc00000000421787
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!