Eg har i mange år vore på leiting etter lagnaden i Amerika til denne jenta frå Aurland:
Barbro Helgesdotter Indrelid, fødd i Lavik 2.5.1833 som dotter av husmann Helge Olson Indrelid (1807-1878) og Anna Lassesdotter Østerbø (1789-1873), voks opp på Indrelid, men utvandra til Amerika i 1873, tilsynelatande åleine. Ho hadde ingen søsken og ingen kjende slektningar i Amerika!
Kvar kan det ha vorte av denne jenta?? Kan henda ei «mail-bride»?
Spørsmålet har vore oppe før som ein del av dette emnet, men der fekk eg aldri noko svar...: https://forum.arkivverket.no/topic/171636-siri-iversdotter-eithun-eller-sværen-gift-i-leikanger-1807-kven-var-ho/?tab=comments#comment-2113225
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!