Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med i 1984, og som synest vera ganske so «anonym».
Styrmann Jonas Gustav Ahlstrøm dukka opp i Bergen på 1820-talet, men eg har ikkje greidd å finna korkje opphavet hans eller vigsli hans kring 1825. Det er ogso sparsamt med opplysningar om lagnadane både til han og kona, og fleire born veit me òg heller lite om. Er det kanskje nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan hjelpa meg med vidare biografiske opplysningar?
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innleg #37 på neste side!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!