Eg er ganske so fortvila etter at eg i svært lang tid har vore på leiting etter denne vigsli:
Martin Ingebrigtson HAMAREN eller KINSERDAL
fødd i Hafslo 14.10.1898
Amalia Bergesdotter MÅREN
fødd på Kyrkjebø 12.12.1886
Eg har fått oppgåve vigselsdatoen til 12.1.1924, og dei skal etter som dei seier ha gift seg på Kyrkjebø eller i Høyanger, men der finn eg dei ikkje. Heller ikkje finn eg dei gifte i Hafslo. Dei busette seg på Måren på Kyrkjebø og budde der levetidi ut.
Kan nokon, please, hjelpa me finna denne vigsli og kvar dei gifte seg? Kan vigsli ha vore kunngjort i lokalpressa eller i Norsk Lysingsblad?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!