Ogso denne utfordringi er kommi frå Amerika:
Otto Pederson Kosmo skal vera fødd i Solør. Noreg 18.4.1872 eller 1873, men utvandra visstnok alt i 1873 med foreldri sine til Wisconsin. Han gifte seg i Eau Claire, WI 1.12.1896 med Olena Louise Call, fødd i Crawford Co., WI 30.1.1868. Dei budde i Eau Claire, WI der Otto døydde 1.8.1944.
Kan det vera han som er fødd på Kornmo i Brandval 18.4.1872: https://media.digitalarkivet.no/view/8880/57
FT1910, FT1920 og FT1930 seier alle at Otto utvandra i 1873!
Er det mogeleg å finna ut:
* Nøyaktig dato og stad for fødsli hans?
* Nøyaktig utvandringsår?
* Fulle namn på foreldri hans med yrke, opphav og bustad?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!