Denne utfordringi har lege på teiknebrettet mitt sidan 1980-talet. Kanskje nokon kan hjelpa meg finna ei løysing?
Johannes Hermundson Høyum, fødd i Luster 28.1.1873, var yngste sonen til Hermund Hermundson (1821-1897) og kona Gunnhild Larsdotter (1830-1915), husmannsfolk i Smeviki under Hølyeim i Luster. Han utvandra til Amerika i 1890 og skreiv seg truleg for John Hoium, men ser ikkje bort ifrå at han òg kan ha kalla seg Hermanson...(?).
Han hadde ei eldre søster Synneva (1857-1937) som utvandra i 1882. Ho vart gift med Halvor Larson og busette seg i Kossuth Co., IA. Etterkomarar etter Synneva har fortalt meg at Johannes ei tid var farmarbeidar i Kossuth Co., IA, men at han sidan flytte til Chicago, IL. Eg har likevel ikkje lukkast i freistnadane mine på å finna han ett der, so no vonar eg at einkvan i Brukarforum greier denne utfordringi?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!