Som oppsitjar på garden Kroken indre i Luster er i 1563 nemnd ein Peder Gyldenbusk, og når eg freistar googla dette namnet, kjem det opp ymse referansar under kryptovaluta(!) der det vert sagt at Peder skal ha vore gift med Karen Johansdotter Kruckow, den truleg yngste dotteri etter riksråden Johan Kruckow. Me veit frå før at Karen var i live då det i 1539 vart halde skifte etter far hennar, men lagnaden hennar er elles ukjend.
Er det nokon i Brukarforum som har høyrt gjete denne Peder Gyldenbusk og huslyden hans?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!