Hei,
Eg er på utkikk etter opplysningar om - teikningar frå m.m. angåande Lammetun kystfort.
Lammetun Kystfort ligg på den landfaste øya Lammetun som ligg heilt vest i Fjaler kommune (Sogn og Fjordane).
Eg har fått tips om at det kan finnast informasjon etter Organisation Todt - og at denne informasjonen kan ligge hjå dykk. eg har vidare forstått at det ikkje er sikkert at dokumentasjon frå deira arkiv har blitt organisert/ferdig arkivvert.
Men om det finnast nokon plass der vi kan leite sjølve er vi og interresert i å gjere det.
Eg har forstått på andre som driv har fort/bunkersar at det framleis kan finnast både teikningar, beskrivelser av oppbygging m.m. arkivert.
Men om det ligg hjå dykk er eg usikker på.
Men om dykk har noko informasjon angåande Lammetun Kystfort, uansett kva dte r så er vi svært interressert i det.
Eg er sambuar med grunneigar der Lammetun Kystfort ligg, og vi driv Lammetun Ferie & Fritid, vi har over 1000 besøkande kvart år, som kjem for å sjå og lære meir om fortet.
Vi har per i dag begrensa informasjon om det, og ynskjer å finne ut mest mogleg for å best mogleg ivareta historia.
Håpar de kan hjelpe oss.
Med beste helsing
Sigrunn Ragnarsdotter