Følgjande barnedåp er registrert i Årdal i Sogn:
Kari Severine, fødd 10.2.1895 som dotter av husmannsdotteri Guri Hansdotter Lægreid og snikkar Kristoffer Pederson Kroken frå Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/2968/28
FT1900 syner Kari Kristoffersdotter Kroken med mor Guri og tre halvsøsken på Vassplassen under Lægreid i Årdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037349000594
Her er konfirmasjonen til Kari Severine Kristoffersdotter Lægreid i 1910: https://media.digitalarkivet.no/view/2968/157
FT1910 syner Kari K. Lægreid som tenestejente på Årdal prestegard i Årdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036723000741
Den nye bygdeboki for Årdal omskriv denne huslyden på sde 920, men bere eitt av dei fire borni hennar Guri er nemnt, og det er (diverre) ikkje Kari Severine!
Er det utifrå desse opplysnigane mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Kari Severine Kristoffersdotter? Har ho etterkomarar?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!