Det er ikkje mange samar som er oppførte i militærrrullene for Vefsn. Ved søk i Svein Edvardsens avskrifter finn eg 5 i 1814, og for alle desse står det "Lap av fødsel". Som ved "Huusmand Poul Olsen" på "Jordbechslæt", nedst til venstre her: https://www.digitalarkivet.no/ru20111215603221
Eg tolkar dette slik at samar (eller lapper) normalt ikkje skal vere å finne blant det "indrullerede Mandskab", men at personar som er samisk fødde, men lever som bumenn, skal innrullerast. Er det nokon som ut frå eigne røynsler tør kommentere denne tolkinga?
Og endå betre: Er det nokon som veit om det finst nokon instruks for denne problemstillinga?