Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'larmo'.
Fant 2 resultater
-
Ole A. Larmo - arveskifte frå Canada 1933 - Utanrikesdepartementet?
Lars E. Øyane postet et emne i Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
Hei! Ole A. Larmo, fødd i Luster 11.10.1852, døydde i Trout Lake, BC (Canada) 29.11.1933. Det vart halde skifte etter Ole, og søsterborn i Luster var mellom ervingane hans. Eg er interessert i å sjå kven andre som er nemnde som ervingar i dette skiftet. Ole hadde nemleg fleire søsken som forsvinn for meg! Er denne saki oppbevart i Utanrikesdepartementet sine arkiv i Riksarkivet? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi! -
Thomas Larmo, fødd 1874 - norskamerikansk offiser på Filippinane - kvar vart det av denne huslyden?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Trond, kjend som Thomas Larmo, son av Anders Andersson frå Leirmo i Luster (1841-1914) og Synneva Jacobsdotter frå Fet i Hafslo (1845-1924), var fødd på ein farm i Vernon Co., WI 31.3.1874, og einaste staden eg fann han nemnd då eg arbeidde med denne slekti på 1980-talet, var i ein obituary etter broren Jacob frå 1946 som seier at Thomas var: «in military service». No finn eg Thomas ein par andre stadar, til dømes i FT1910 busett i Ft. William McKinley i Rizal på Filippinane med kone Imestia og seks born, som vel alle er fødde på Filippinane(?): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB9-9X32 Han bur same staden i 1920, men kona og borni frå 1910 ser me ikkje noko til: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRN6-Y8Z I 1928 immigrerer Thomas til San Francisco, CA med adresse Ft. George, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-95GF-984D Då sonen Paul A. Larmo gifte seg i Los Angeles, CA i 1943 med meksikanske Guadelupe Alvarez, ser me at han skulle vera fødd i WA kring 1915, og mor Dolores Temores skulle vera fødd i Spania: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G93H-2SM9-Y Dotteri Agnes gifte seg i Manilla på Filippinane i 1927: Name Donald D. Wright Birth Date 1902 Age 25 Spouse's Name Agnes Larmo Spouse's Birth Date 1908 Spouse's Age 19 Event Date 01 Aug 1927 Event Place Manila, Metropolitan Manila, Philippines Father's Name John Wright Mother's Name Lucile Wright Spouse's Father's Name Thomas Larmo Spouse's Mother's Name Dolores Larmo og ei anna dotter Dolores døydde i Spokane, WA i 1934: Name Dorothy Larmo Ettison Event Date 17 Sep 1934 Event Place Spokane, Spokane, Washington Gender Female Age (Formatted) 17 years 5 months Birth Year (Estimated) 1917 Father's Name Thomas Larmo Mother's Name Dolores Unknown medan dotteri Juanita Eittson døydde i Spokane, WA i 1925, men då heitte mori Juanita Eittson: Name Flora Eittson Event Date 19 Aug 1925 Event Place Spokane County, Washington Gender Female Age (Formatted) 18 years 1 month 17 days Birth Year (Estimated) 1907 Father's Name Thomas Larmo Mother's Name Juanita Eittson Burial Place Ft. Geo. Wright, Wash. Burial Date 22 Aug 1925 Her vil me fort oppdaga at det er konflikt mellom opplysningane som gjeld kona til Thomas, men det aller merkelegaste tykkjer eg, er at eg ikkje kan finna dødsfalli korkje til Thomas eller til kona/konene hans, anten ho heiter Imestia, Dolores eller Juanita, og ikkje ser eg huslyden heller i amerikanske folketeljingar, bortsett ifrå at dei yngste borni tydeleg budde hjå ein huslyd Eittson i Spokane, WA i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZ5-ZX6 Kanskje nokon ser korleis dette heng i hop og kan hjelpa meg vidare? Det eg først og fremst er ute etter, er følgjande: ** Dato og stad for dødsfallet til Thomas Larmo? ** Dato og stad for vigslene hans? ** Fulle namn på konene hans med datoar og stadar for fødsel og død? ** Og kor mange born fekk Thomas frå dei ulike ekteskapi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive