Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'lihaug'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Rasmus Tøgerson og Anna Endresdotter var i mange gardbrukarar på Myklemyr i Jostedalen, men flytte i 1762 til Lihaug i Gulen der dei sidan budde levetidi ut. Rasmus vart gravlagd 10.1.1795, medan Anna vart gravlagd 19.9.1799. Skifte etter desse har eg ikkje greidd å finna so langt! Rasmus og Anna hadde seks born, to døtrer og fire søner. To av desse sønene, Lage og Peder, har eg noko mangelfulle opplysningar om, og særleg er Lage eit kjempemysterium! Kan nokon hjepa meg finna att denne Lage? Ogso ville eg verta glad for identifikasjon av konene til både Lage og Peder! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Rasmus Tøgerson Lihaug, bror av føregåande brukar og likeins opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo, var f. her på Myklemyr kring 1714, men flytte i barneåri med foreldri sine til Hafslo der han 22.10.1745 gifte seg med enkja Anna Endresdotter, opphavleg frå Kalhagen i Hafslo. Ho var f. i Hafslo kring 1714 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Lasse Torstenson på La i Hafslo sokn, Hafslo (1705-1744). Rasmus tok først over bruket på La i Hafslo som Anna sat med, men 3.12.1752 fekk Rasmus skøyte på Myklemyr nedre hjå bror sin; han og Anna flytte hit på same tidi og vart buande på Myklemyr fram til 1762. Rasmus og Anna flytte i 1762 til garden Lihaug i Gulen der dei sidan vart buande levetidi ut. Rasmus vart gravlagd frå Lihaug 10.1.1795, medan Anna vart gravlagd same staden 19.9.1799. Dei fekk seks born i lag: a. Christi Rasmusdotter (1747-1748), f. og d. i Hafslo. b. Christi Rasmusdotter, døypt i Hafslo 16.11.1749, flytte med foreldri til Gulen i 1762, men vart sidan tenestejente på Kværhellen i Solund. Ho d. som legdelem i Solund 14.2.1824, ugift. c. Lasse Rasmusson, f. i Hafslo kring 1752, flytte òg med foreldri til Gulen i 1762, men gifte seg i Kvamsøy i Vik 29.12.1775 med Siri Andersdotter frå Alrek i Kvamsøy, døypt i Kvamsøy 11.4.1745. Lasse og Siri var først gardbrukarar på Svardal i Gulen, men fekk sidan ta over heimebruket hans på Lihaug i Gulen der dei vart buande levetidi ut. Siri d. som kårkone på Lihaug 10.10.1821, medan Lasse d. som kårmann same staden 14.10.1821, berre fire dagar etter ho. Dei fekk fem born i lag. d. Lage Rasmusson, f. i Jostedalen kring 1754, flytte til Gulen med foreldri i 1762 og gifte seg der 8.7.1774 med Kari Larsdotter frå ##### (opphavet hennar? – kalla Molde 1774!) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1750?) ##### (kvar vart det av Lage og Kari? – bustadar og dødsfall?) ##### (talet på søner og døtrer? – ho hadde ei dotter frå før!? e. Endre Rasmusson, f. i Jostedalen kring 1757, flytte likeins til Gulen med foreldri i 1762, men vart gravlagd som tenestedreng frå Lihaug 12.9.1782, ugift. f. Peder Rasmusson, døypt i Gulen 26.12.1762, gifte seg i Gulen 1.11.1791 med Agatha Olsdotter frå ##### (opphavet hennar? – kalla Tangen 1791!) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1750?) ##### (lagnaden deira? – 1801 Peder enkjemann og tenestedreng på Kværhellen i Solund) ##### (Ei Agatha Olsdotter vart gravlagd frå Nordgulen 14.12.1798, 50 år gamal – ho?) Peder d. som legdelem på Indrevær i Solund 21.7.1831. ##### (born? – truleg ingen?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.