Simon Simonson Lille Kjøde er ifølgje BB for Selje s. 30 død 78 år gammal i 1824. Denne alderen er vel komen frå folketeljinga i 1801, der det står at Simon er 52 år gammal. KOna Synneve er 50 år. Saman med dei bur to born: Hans Simonson (14 år), Mari Simonsdatter (24 år) og Brithe Simonsdatter (10 år). https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058406001394
For å sitere meir frå BB, så står det der at Simon bygsla 1/2 laup hospitalgods i Lille Kjøde 3 i 1774. Han er fødd i Bergen. Kvar Aaland har denne opplysninga frå veit eg ikkje.
Kona til Simon, Synneve Rasmusdatter Skjåstad døde 71 år gammal i 1828. Også denne alderen er truleg utrekna ut ifrå 1801-teljinga. Ho skal altså ha vorte fødd rundt 1757. Men kvar kjem opplysninga om at Synneve har etternamnet Skjåstad? Og kvar er denne Skjåstad-garden? Det må vere Skjåstad/Sjåstad i Selje det er snakk om. I kyrkjeboka finn vi 10. februar 1751 den Synneve som ifylgje Aaland i BB er kona til Simon Simonson Lille Kjøde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630383 Foreldre er Rasmus Jonsen og Ingeborg Aamundsdatter Myren på Øvre Skjåstad 1, også kalla Myren. Kvar denne Rasmus Jonson og kona hans kom frå seier BB ingenting om.
Det store spørsmålet er då om det er mogeleg å finne ut noko meir om opphavet til Simon Simonson i Bergen og Synneve Rasmusdatter på Myren i Selje.
Sonen Hans finn vi i kyrkjeboka: Hans Simonsen Lille Kjøde vart døypt 11. september 1786 i Selje. Foreldra er Simon Simonson Lille Kiøde og Synneve Rasmusdatter. Kvar ho kom frå står det ikkje noko om. Fadrane var Paul Rasmussen Kiøde, Lars Persen Teigen, Kåre Halstensen Kiøde, Anne Rasmusdatter Snede, og Giertrue Pedersdatter Kiøde. Dette er truleg naboar, og gjev ikkje noko hint om kvar korkje Simon eller Synneve kom frå. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640187 Hans er nemnd som brukar på Lille Kjøde 2.
Rasmus Simonson Kjøde tek i følgje BB over Lille Kjøde 3 etter faren, Simon, i 1803. Vi finn også Rasmus i kyrkjeboka. Han er døypt den 25. februar 1778. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640120 Heller ikkje her gjev fadderane noko hjelp i å finne ut kven Simon og Synneve var. Kvar Synneve var frå er heller ikkje her nemnt.