Johanna Halstensdotter, oppgjevi fødd i Lilleelvdal i 1791, stod brur i Stjørdalen 23.6.1825. Brudgomen var Henrik Pederson «under Nustad», fødd 1801:
https://www.digitalarkivet.no/nn/view/327/pv00000002525129
https://media.digitalarkivet.no/view/16375/292
Eg finn ingen born etter dei.
Er det mogeleg, til dømes gjennom ei bygdebok frå Stjørdalen, å identifisera Johanna Halstensdotter og finna ut kvar det vart av Henrik og Johanna? Far hennar skal vera ein Halsten Olson, og eg mistenker ho for eigentleg å vera fødd i Folldal i 1789 som søster av ein Ole Halstenson som eg har etterlyst både opphavet til og lagnaden til i mange år, sjå:
https://forum.arkivverket.no/topic/201055-ole-halstenson-«berge»-og-britha-nilsdotter-gifte-i-luster-1809-truleg-haugianarar-kven-var-han-og-kvar-vart-dei-av/
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!