Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'lillehammer'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Glenn Nicolaysen

    Tyding av dåpsattest

    Trenger litt hjelp med å tyde resten av der det står Klaudine Margrete mvh Glenn
  2. Glenn Nicolaysen

    Isakstuen-slekt

    Jeg trenger litt hjelp med navn på foreldrene til Lovise Hansdatter Isakstuen f.20.03.1868 Kristiania skredderkone til Fåbergingen Andreas Johannessen Isakstuen f.1865 mvh Glenn N.
  3. Eg søker etter kva som skjedde med denne familien etter 1910. Eg har "kontroll" på foreldre til Petter og Petra, men skulle gjerne visst kvar barna deira havna og kvar/når Petter og Petra døde. Dei har reist llitt rundt men synes altså å ha enda opp i Vestfold. FT1910; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001368 - Ødegaarden - Strømmen - Strømm - Vestfold. 001 Petter Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001368>01 1866-02-28 Flakstad i Lofoten b hf g mindre Gaardbruker 002 Petra Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001369>01 1863-09-14 Aure, Nordmøre b hm g Husgjerning 003 Harald Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001370>01 1892-11-06 Lillehammer b s ug Jordbruksarbeider 004 Ragna Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001371>01 1896-04-09 Østre Lunner b d ug - 005 Ellen Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001372>01 1898-07-03 Østre Lunner b d ug - 006 Klara Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001373>01 1899-08-10 Gjøvik b d ug - 007 Hjalmar Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001374>01 1901-04-20 Søndre Land b s ug - 008 Einar Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001375>01 1903-07-13 S. Etnedalen b s ug - 009 Olga Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001376>01 1907-02-18 Strømmen b d ug - 010 Marie Olsen <https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001377>01 1908-11-17 Strømmen b d ug - Sonen Oskar Emil Olsen f. 28.11.1894 i Fåvang, Ringebu finn vi her ved FT1910; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036491001350 Petter m/fam ved FT19100; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037097003334 Petter ved FT1891; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053174001713 - her bur han også saman med si kommande kone Petra Halvorsen. Petter gifter seg med Petra i 1892: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 578/L0907: Ministerialbok nr. 578A06, 1887-1904, s. 207 ArkivreferanseSAT/A-1454/578/L0907 Permanent bilde-ID: kb20060523010271 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060523010271 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060523010271.jpg Kan dette vere Petra? Og dette Petter, men feilskriving av navnet? Ja dette stemmer nok, for eg finn skifteregisteringa her: SAKO, Svelvik og Strømm lensmannskontor, H/Ha/L0001: Dødsfallsprotokoller, 1910-1923 Arkivreferanse SAKO/A-551/H/Ha/L0001/0003 Permanent bilde-ID: sk10101212132085 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10101212132085 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10101212132085.jpg - sonen Oskar Emil er altså død før 1920. Men kvar/når?
  4. Jesper Heiberg Daae (1795-1834) var den siste offiseren som budde på garden Ottum i Luster. Han døydde tidleg, og enkja Henningine, som delsvis var oppvaksi på offisersgarden Kvale i Luster, gifte seg att med kjøpmann Petter Coucheron på Lillehammer, som eg ikkje veit noko særleg om, og fekk fleire born med han. Dette er ein interessant huslyd. Ei av døtrene gifte seg med ein husmannsson frå Jostedalen, og ei av døtrene deira gifte seg med morbror sin, overlærar Theodor Coucheron i Skien. Ein annan etterkomar etter desse vart første kona til den kjende eventyraren Thor Heyerdahl! Men eg har hatt vanskar med å finna alle dei opplysningane som eg ønskjer om denne huslyden, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare. Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Jesper Heiberg Joachimson Daae, fra Nygård, vart døypt 8.10.1795 og d. på Ottum 8.10.1834. Jesper fekk odelsskøyte på bruket hjå Ole Christenson alt 6.6.1815, men ser ikkje ut til å vera flytt hit før kring 1820. Han gifte seg i Luster 28.12.1827 med Henningine Jacobine Jensdotter de Coucheron, ei dotter av premierløytnant Jens Munthe Antonson de Coucheron (1774‑1809), som ei tid budde på Vollen under Kvale i Luster (s.d.). Ho vart døypt i Askvoll 1.11.1805. Jesper Daae vart premierløytnant liksom svigerfaren, so det var vel helst med tenarhjelp at han dreiv garden her på Ottum. I 1830 fekk han òg skøyte på farsgarden Nygard, og sonen Joachim d. der i 1831, men det ser ut til at det helst var her på Ottum at huslyden budde. Enkja Henningine Daae selde garden i 1835. Henningine Daae flytte som enkje til Lillehammer og gifte seg 6.4.1836 att i Gausdal med Paul Petter Montague, kjend som Petter ##### (farsnamnet hans?) Coucheron frå ##### (kvar oppvaksen?) Han var son av ##### (foreldri hans?) ##### (dato og stad for fødsli hans?) Petter var kjøpmann, og han og Henningine budde i mange år på Lillehammer og frå kring 1846 i Namsos, men ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – mellom 1851 og 1865?) Henningine flytte som enkje i 1865 med sokneprest Leigh til Bauker i Austre Gausdal og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865) Jesper og Henningine Daae på Ottum fekk ein son i lag: 1. Joachim Jesperson Daae (1827‑1831). Men i andre ekteskapet med Peter Coucheron fekk Henningine desse fem borni: ##### (hadde dei kanskje fleire – oppl.?) b. Bernhard Jens Nobel Petterson Coucheron, f. på Lillehammer 20.1.1837, d. som ingeniør i Bergen 14.12.1894. Han gifte seg første gongen i Nykyrkja i Bergen 1.5.1878 med Marie Elina Jacobsdotter Christensen frå Bergen, f. i Bergen 16.4.1850. Men ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) og Bernhard gifte seg 8.12.1884 att i Domkyrkja i Bergen med Henrikke Karlsdotter Tresselt frå Bergen, f. i Bergen 6.4.1860. ##### (KK, Bergen – finn ikkje denne fødsli!) Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!) Bernhard Coucheron var mekanisk verkstadingeniør og budde i Bergen. ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Peter Paul Montague, f. DK, Bergen 9.8.1880 * Marius Jakob Kristensen, f. DK, Bergen 28.10.1883 – n. 1891/1900 * Katarine, f. DK, Bergen 15.10.1885 – n. 1891/1900 * Bernhard Jens Nobel, f. JK, Bergen 20.8.1889 – n. 1891/1900 c. Anna Marie Fredrikke Pettersdotter Coucheron (1841-1923), vart gift med gardbrukar Jacob Knudtsøn på Bauker i Austre Gausdal (1827-1902), opphavleg husmannsson frå Mosevoll under Bakken i Jostedalen (s.d.). d. Theodor Nils Dahl Petterson Coucheron, f. på Lillehammer 15.10.1844, d. i Skien 3.7.1907. Han gifte seg i Austre Gausdal 21.5.1893 med søsterdotteri Anna Henningine Jacobsdotter Knudtsøn frå Bauker i Austre Gausdal, dotter av gardbrukar Jacob Knudtsøn på Bauker i Austre Gausdal (1827-1902), opphavleg husmannsson frå Mosevoll under Bakken i Jostedalen. Ho var f. i Austre Gausdal 6.8.18667 og d. i Skien 7.10.1905. Theodor Coucheron var frå 1880 overlærar i Skien der han og Anna budde levetidi ut. Dei fekk tre born i lag. e. Valdemar Daae Petterson Coucheron, f. i Namsos 17.8.1847, d. som handelsreisande på Bauker i Austre Gausdal 19.6.1902. ##### (n. 1865 hjå mor si på Bauker i Austre Gausdal – 1875 ugift agent i Bergen (tilreisande) – 1885 handelsreisande i Arendal! – ugift!) f. Dagmar Justine Must Pettersdotter Coucheron, f. i Namsos ##### (fødselsdato?) 1851, ##### (n. 1865 hjå mor si på Bauker i Austre Gausdal – 1900 ugift selskapsdame og hushaldar i Bergen – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.