Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'mørkrid'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Futen Anders Larsson på Fuhr i Luster (1565-1630), som på «folkemunne» i lag med broren Søren Larsson på Talle (1575-1653) vert referert til som stamfedrar til Heiberg-ætti i Sogn, var gift med Maren Trudesdotter (1575-1653) og fekk ti born, mellom anna denne dotteri: * Cecilia Andersdotter, truleg fødd i Luster kring 1610, gifte seg kring 1636 med Endre Nilsson frå Ottum i Luster, fødd kring 1602. Desse var ei tid gardbrukarar på Rebni i Luster, men flytte tidleg på 1650-talet til nabogarden Mørkrid der Endre truleg døydde kring 1675. Endre og Cecilia hadde minst tre søner, som alle budde heime i 1665: ** Anders Endreson, fødd kring 1641, nemnd som soldat ** Jacob Endreson, fødd kring 1647 ** Nils Endreson, fødd kring 1649 Medan futen Anders Larsson var mellom dei rikaste innbuarane i heile Sogn, ser det ut til at Cecilia og Endre ikkje greidde å halda på den arven som dei eventuelt fekk, og huslyden forsvinn. Ingen av sønene tok over garden, og dei er rett og slett «borte vekk»! Eg ser ikkje noko til nokon av dei i Luster i 1701! Kanskje er det nokon som har forska på denne sokalla Heiberg-ætti, og som kan vita kvar det vart av desse gutane og eventuelt andre born etter Endre og Cecilia? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Gardbrukar Christopher Andersson (1806-1896) og kona Gjertrud Sørensdotter (1814-1871) på garden Mørkrid i Luster fekk fem born i lag; fire av dei var: * Anders alias Andrew Christopherson (1837-1912) - utvandra til Amerika i 1862 og farma i Vernon Co., WI * Søren Christopherson Mørkrid (1839-1875) - tok over heimebruket, var gift, men døydde barnlaus. * Metta Kirstina alias Kirstina Christophersdotter (1842-1897) - gifte seg med gardbrukar Hans Schjeldrup Otteson Fjøsne (1832-1909) og var frå kring 1877 gardbrukarar på Austreim i Vågå, Gudbrandsdalen. * Ingvald alias Ingwald Morkri (1845-1937) - utvandra til Amerika i 1870 og farma i Crawford Co., WI Femte barnet var denne sonen: * Johannes Christopherson, fødd i Luster 19.11.1840. Han vart konfirmert i Luster i 1856 (#38): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/129 Eg finn ikkje Johannes korkje gift eller avliden i Luster, so då er spørsmålet kort og godt: * Kvar i all verdi vart det av han? Følgde han broren Anders til Amerika eller kanskje flytte han til Gudbrandsdalen der søsteri budde og der også faren budde dei siste leveåri sine? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! God Påske!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.