Eg syner til følgjande kyrkjebokinnførsle i Malangen sokn, Balsfjord i Troms;
* Olaus Trinberg, fødd 14.4.1870, døypt 6.6.1870 av foreldri:
innerst og skreddar Lorents Hansson og kona Hanna Olsdotter, busette på Kirkevig: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000107667
eller https://media.digitalarkivet.no/view/2882/47
Ved dåpen står ein merknad om at han vart konfirmert 20.6.1886
Her er vigsli til foreldri i Malangen sokn, Balsfjord 5.9.1869:
Lorents Mikael Hansson f. Ibestad, opphald Kirkevig og Hanna Bergithe Olsdotter f. Kirkevig: https://media.digitalarkivet.no/view/2882/89
Og her er huslyden i FT1875 på Sandnes i Lenvik, Troms: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052451000041
Olaus T. Hanson skal ha utvandra til Amerika kring 1888, kan henda i lag med foreldri sine, og døydde i Sioux Falls, SD 11.9.1941.
Eg har følgjande utfordringar når det gjeld denne huslyden og vonar på hjelp frå nokon med lokal ekspertise:
** Utvandringsåret til Olaus?
** Kva kan me rekna som bustad til foreldri i Troms, d.v.s. kvar voks Olaus opp?
** Kva yrke kan me tilskriva faren Lorents Mikael Hansson?
** På kva gard/plass voks Lorents Mikael Hansson opp?
** På kva gard/plass voks Hanna Bergitte Olsdotter opp?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!