Eg har i mange år freista finna ut av lagnaden til dette parfolket:
Ole Olson Aarethun, fødd i Lærdal 25.9.1841 - gift på Kaupanger i Sogndal 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, fødd i Kaupanger, Sogndal 11.1.1829.
Ifølgje bygdeboki for Kaupanger sokn, Sogndal, budde dette parfolket fram til kring 1890 som plassfolk på Mannhiller i Amla, om lag der ferjekaia ligg i dag, men vert so borte frå bygdi, og ikkje har eg greidd å finna dei att nokon annan stad heller. Dei fekk to søner i lag, men dei døydde kort etter fødsli. Frå første ekteskapet sitt med Morten Johannesson (1829-1867) hadde Kari åtte born, og dei som voks opp av dei, flytte alle til Laksevåg eller Bergen! Men so langt har eg ikkje greidd å finna att Ole og Kari i Bergen heller...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!