Mellom dei tidlege norske settlarane i Naples township, Buffalo Co., WI finn me dette parfolket frå Luster:
Anders Iverson Haganes (1821-1898) og Britha Pedersdotter Eide (1826-1891). Dei utvandra i 1862, og etter eit kort opphald i Iowa Co., WI busette dei seg kring 1864 i Buffalo Co., WI
Då det vart halde skifte etter Anders «Andrew Everson» i 1898, får me greie på lagnadane til dei to eldste borni:
* Anders «Andres» Everson, fødd i Luster 11.10.1845, melde seg som soldat i Borgarkrigen, truleg medan huslyden framleis budde nær Dodgeville, WI, og skal vera fallen i krigen kring 1864.
* Kari «Carrie» Everson, fødd i Luster 15.10.1848, døydde før 1898, men hadde vore gift med ein Solon Egbert og budde i Hutchinson, McLeod Co., MN. Ho let etter seg to døtrer, og dei skal ha flytt med far deira til Oregon!
Hjå ancestry.com finn eg følgjande family tree som syner at Solon Bevins EGBERT var fødd ni Springfield, IL 27.2.1845 og døydde i Umatilla Co., OR 6.2.1829, men bortsett ifrå opplysningare om at kona heitte Everson og at dei minst hadde ei dotter Nettie, er det ikkje stort me får vita om Kari «Carrie»: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/153615682/person/202074555896/facts
Hjå ancestry finn eg òg følgjande vigsle:
Name:
Solon Egbert
Gender:
Male
Marriage Date:
23 May 1868
Marriage Place:
Wabasha, Minnesota
Spouse's Name:
Carrie Edwards
Spouse Gender:
Female
Event Type:
Marriage
FHL Film Number:
1320196
Dessutan finn eg:
FT1875 bur Solon Egbert med tre kvinner i Maxville township, Buffalo Co., WI (truleg kona og dei to døtrene...): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1055/images/48361_555792-00200?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx26571&_phstart=successSource&pId=3306410
FT1895 bur Solon med dotteri Nettie i Hutchinson, McLeod Co., MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/MNV290_74-0771?treeid=&personid=&hintid=&queryId=3fba21cff84a33a49eb5d0f8b3a15cee&usePUB=true&_phsrc=Nzx26572&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=2257572
Men det store spørsmålet er framleis:
** Kvar vart det av Kari «Carrie»??
Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!