Dette er ei skikkeleg «nøtt» som eg har hatt liggjande i årevis, men som eg aldri har greidd å komma noko lenger med. Kanskje er det andre som har tankar og idéar kring denne personen?
Walter M. Mikesell vert ved dødsfallet oppgjeven fødd i Iowa i april 1861, foreldre ukjende:
https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1953/1953_00024174.PDF
På Find-a-grave er fødselsåret endra til april 1871: https://www.findagrave.com/memorial/93859732/walter-m.-mikesell
Kona Ragnhild Therovia, kjend som Lena Mikesell, f. Crogan var fødd i Dane Co., WI 10.1.1869, dødsattesten seier 1872:
https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1950/1950_00019300.PDF
Ser me no på folketeljingane, finn me dei:
FT1940 MO: Walter 78 år fødd i Iowa: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9MB-TGCX
FT1930 MO: Walter 59 år fødd i Iowa (foreldri Virginia og Ireland): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCH-YW
FT1920 AR: W. M. 50 år fødd i Iowa (foreldri Virginia og Ireland): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P
Tek me so ein ny kikk på FT1930, kan me lesa at Walter gifte seg første gongen i ein alder av 22 år, medan Lena var 41. Det tolkar eg slik at dei må ha gift seg kort før 1920, og Walter må ha vore gift før....
So har eg ein merknad som ein ættling gav meg for mange år sidan at dei skulle ha gift seg i Sapulpa, OK i 1916!
Ser me på «soga» til Lena Krogen «Crogan» finn me ho her (i lag med to søstrer):
FT1900 IA: Lena Crogan house (hotel) servant i Mason City, IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH
Eg finn ingen spor etter Walter Mikesell FØR 1920. Eg finn ikkje nokon Mikesell i det heile i FT1880-1910 fødde i Iowa med foreldre frå Virginia og Ireland!
So kven kan han vera??
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!