Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i over 40 år, men som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje tidi no er kommi?
Kari Olsdotter Aarøy (Bandskjerøyri) alias Carrie Olson, var fødd i Sogndal 23.9.1843 som dotter av Ole Olson (1802-1885) og Mari Andersdotter (1815-1908), båe barnefødde i Hafslo. Ole og Mari utvandra i 1866 til McFarland, Dane Co., WI og levde levetidi ut der.
Kari «Carrie» utvandra i 1862, og med ein Jacob Hansson (av ukjent opphav) fekk ho ein son:
* Henry Martin Hanson, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.10.1874
Ei tid etter flytte Kari «Carrie» til Chicago, IL der ho 7.10.1882 gifte seg med Henry S. Montgomery, fødd i Knox Co., ME 25.8.1858. Henry var «teamster and solderer», og parfolket vart buande i Chicago, IL der Carrie døydde 26.1.1920. Henry Montgomery døydde same staden 10.4.1929. Dei fekk ei dotter i lag.
Det føreligg ein mistanke om at Jacob Hansson og Kari «Carrie» Olson var GIFTE, men dette har eg ikkje vore i stand til å prova!
Kan nokon hjelpa meg finna ut av dette, til dømes med å finna Jacob, Kari «Carrie» og son deira i FT1880?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!