I september 2020 lanserer Bygdeboknemdna i Vefsn eit nytt bind av Vefsn bygdebok:
«Gardshistorie for Vefsn : gnr. 84, 85, 110–137 Frå Kulstadsjøen til Marka og Herringen».
Boka har ISBN 978-82-690478-1-3 og vil vere til sals frå bokhandlar (i alle fall i Mosjøen) og etterkvart til låns i biblioteket.
Dette binder omfattar matrikkelgardane i Marka, Røsdalen, Ålbotsjorda, Kulstad, Rynes, Åremma, Kattuglhaugen, Veset, Forsmoen, Jomfruremma, Haukland, Vollen, Bjørkneset, Risneset, Myrneset, Åneset, Høgremma, Steffenremma, Herringen, Nilsmoen, Almdalen, Setra, Halligarden, Stigen, Kalvmoneset og Herringbotnet.
Vignetten på omslag og tittelblad er etter Thorolf Holmboe (1866-1935); han var fødd på bruket Gløsen på Haukland.
.