Lagnaden til Bertha Johannesdotter frå Bergheim i Luster - fødd på julaften 1820, har vore eit kjempemysterium for meg sidan 1980-talet. Eg har ikkje greidd å finna att korkje ho, mann hennar eller dotter deira i Bergen etter 1875, men ho hadde mange slektningar som utvandra til Amerika, so kanskje det var dit desse ogso tok vegen?
Samstundes manglar eg òg nokre detaljar frå Manger, som kanskje nokon kan hjelpa meg finna ut av? Eg har ikkje bygdeboki derifrå...
Her følgjer eit oppdatert utdrag av manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~ NB: Takka vera nye opplysningar frå Randi Elisabeth er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!