Kan nokon hjelpa ein fortvila bygdebokskrivar med å finna dødsfallet til denne karen?
Ole Pederson (Skaari)
døypt på Lovelund i Luster 23.4.1809
gift i Hafslo 3.4.1838 med
Siri Andersdotter (Ombandsnes)
døypt i Aurland 13.8.1815
Her er parfolket i FT1875 på plassen Skåri under Åretun i Lærdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052305000019
Her er parfolket i FT1891 på Nedberge, Undredalen i Aurland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053005000323
Og her er Siri Andersdotter som enkje i FT1900 på Nedberge i Aurland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037346002390
Og her er Siri som enkje i FT1910 på Nedberge i Aurland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036720000753
Ho døydde på gamleheimen i Aurland 15.5.1917, nesten 102 år gamal.
Men kva med dødsfallet til Ole Pederson?? Eg finn han ikkje avliden i Undredal sokn 1891-1900!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!