Eg har i lengre tid slite med å «komma i mål» med dette parfolket, og no vonar eg på hjelp hjå dykk:
Eg attgjev frå manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~
c. Emery Dale, kjend som Red Haydal, f. i Fallon Co., Mont. 3.5.1930, d. i Boise, Idaho 7.12.2017. Red gifte seg
¤¤¤¤¤ (exact place of his marriage? – somewhere in NM – Albuquerque?)
15.6.1957 med Mary Ann Nickelson, f.
¤¤¤¤¤ (place of her birth? – somewhere in MO!)
Mo. 17.10.1923. Ho d. i Hammett, Idaho 14.7.2012. Red var yrkesoffiser («US Air Force Sergeant») og sidan flyelektrikar («aircraft electrician»). Han og Mary var stasjonert mange stadar, mellom anna i Arizona, i California, i Vietnam, i Japan og i South Carolina, men flytte 1973 til Rio Linda, Sacramento Co., Cal. og i 1992 som pensjonistar til Hammett, Elmore Co., Idaho. Dei fekk to døtrer i lag, men Mary hadde òg fire born frå to tidlegare ekteskap.
~~~~~~~~~~~~~
Eg har vore i kontakt med eine dotteri, men ho greier ikkje finna svari på dei detaljane som manglar! Mori Mary Ann Nickelson skal ha vore frå ein «patchwork»-familie, men finst det ikkje eit fødselsregister for Missouri som i det minste kan fortelja oss KVAR i Missouri ho vart fødd?
Her er eit ancestry family tree som nemner Mary Ann og mor hennar: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/118040637/person/250170918110/facts
Når det gjeld vigsli, finst det kanskje eit avisoppslag om denne?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!