Då det 11.2.1790 vart halde skifte på plassen Yttrishaugen i Luster etter Christen Nilsson:
https://media.digitalarkivet.no/view/24143/136?indexing=
kjem det fram at Christen var barnlaus, og ervingane var åtte søsken, som alle var born av gardbrukar Nils Monsson på Svangstu i Luster (1710-1786), dels frå første ekteskapet med Ragnhild Olsdotter (1720-1764) og dels frå andre ekteskapet med Britha Endresdotter (1730-1777). Alle desse borni budde i Luster med unntak av to søner:
* Peder Nilsson frå første ekteskap, døypt i Luster 9.1.1752. Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordlandene og siges at være død, men vides ej om der er Børn efter ham»
* Endre Nilsson frå andre ekteskap, døypt i Luster 4.3.1770. Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordland»
Eg har i årevis (sidan 1980-talet!) vore på leiting etter desse brørne i «Nordlandene», men har oppdaga at Endre er eit svært uvanleg namn på dei kantar, og eg står heilt «bom fast».
No vonar eg at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høyrt gjete desse halvbrørne og kan bidra med eitt og anna «gullkorn»?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!