Arne Pederson (1733-1774) og kona Kari Pedersdotter (1730-1701) var husmannsfolk i Krossviki under Nes i Luster, men etter Arne døydde, gifte Kari seg att med enkjemannen Bottolf Bottolfson (1710-1777), som var husmann på Notasva under Hauge i Luster og flytte dit.
Arne og Kari fekk ein son i lag:
* Hans Arneson, fødd i Luster kring 1760, flytte med mor si til Notasva og vart konfirmert derifrå i 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457510
Etter den tid forsvinn Hans Arneson frå bygdi.
Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Hans Arneson? Flytte han kan henda til Bergen eller til ytre Sogn? Soldat?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!