Hans Lem Hansson Nundahl, fødd på Asperheim i Årdal i Sogn 2.5.1863, utvandra til Amerika i 1881 og skal ha butt mestedelen av livet i eller nær Marshall Co., MN
Einaste gongen eg finn han nemnd er i FT1920 for Middle River, Marshall Co., MN dere han budde som farmlaborer og enkjemann hjå søsteri Mary Offerdahl:
https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/77927831:6061?tid=&pid=&queryId=35e6cd7f8e742a833d6714723bea39c0&_phsrc=008-360160&_phstart=successSource
Her er biografien til søsteri:
Mari Hansdotter, f. i Årdal 17.8.1860,
Mari Hansdotter gifte seg i Årdal 2.6.1880 med Jens Jensson frå Offerdalen. Han var son av paktar Jens Jensson i Offerdalen, opphavleg frå Plassen i Offerdalen under Hovland, og kona Ingeleiv Olsdotter frå Mjelde i Lærdal og f. i Årdal 25.4.1857. Jens var ei tid skomakar i Bergen, men i 1883 utvandra Mari i lag med foreldri sine til Amerika, og i 1884 følgde Jens etter. Under namni Jens og Mary Offerdahl finn me dei først att som farmarar i Lake Hanska township, Brown Co., Minn., men i 1889 slo dei seg ned som farmarar i Holt township, Marshall Co., Minn. Der vart dei buande til dei i 1912 selde farmen og busette seg i Middle River, Marshall Co., Minn. der Jens opna skomakarverkstad («shoemaker»). Han d. i Thief River Falls, Minn. 30.10.1942, medan Mary Offerdahl d. same staden 28.9.1951. Dei fekk elleve born i lag.
Eit ancestry family tree påstår at Hans døydde alt 16.4.1906, men det var nok faren Hans Lem Hermundson Nundahl (1830-1906) (jmf. den lokale kyrkjegarden) som døydde då!
Kan nokon hjelpa meg å finna ut noko om lagnaden til Hans Lem Hansson i Amerika??
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!