Ynskjer å finna ut meir om familien til Anders Amundson Nundal.
"Årdal i Sogn" av Jon Laberg: side388,389.
Anders var son til Amund Nundal (1616-1683). Amund hadde garden Haugstad i Nundalen og i tillegg kjøpte han garden Torpen.
Amund var gift to gonger: Fyrst med NN Olsdotter Nundal (barn: Anders, Synneva og Ola) og deretter med Guri Jonsdotter Nundal barn: Jon).
I 1666 var alle tre sønene heime.
Det står at Anders levde i 1690 men var død før 1701.
Ved å sjå på diverse skifter (alle er vedlagt) ser ein at Anders var gift med Eli Olsdotter Nundal (dotter til Ola Jakopson Nundal).
Har nokon meir info om kvar Anders og Eli budde og om dei hadde ungar? Gjerne med litt årstal også.
I Geni står det at det var fire barn: Ola Nundal (-1750), Brita Holsæter (1681-1726), Else Sofie Hæreid (1715-1791) og Ingeborg Vee (1717-1777). Stemmer dette?