Under henvising til dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/197605-gunnar-edward-ohlson-fødd-i-stockholm-sverige-2341891-utvandra-til-amerika-i-1910-døydde-i-brooklyn-ny-2061944-kven-var-han/?tab=comments#comment-1791092
vil eg i kveld gjerne få komma attende til denne store gåta:
Gunnar Edvard OLSSON alias Gunnar E. OHLSON, fødd i Södertälje, Sverige 23.4.1891, utvandra i 1910
gifte seg etter kva dei seier 25.7.1927, truleg i eller nær New York(?) med
Brita Jensdotter BUGGE, fødd i Hafslo 11.9.1896, utvandra i 1922
Er det mogeleg endeleg å finna ut KVAR denne vigsli fann stad, og få ei stadfesting av vigselsdatoen? (Dei vart i 1928 på tur til heimlandi!)
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!