Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'ole'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Ole Kristiansen (Christiansen) Midthaug vart fødd 8. juni 1834 på Roaldset i Kleive. Han gifte seg 1. april 1861 med Mali Olsdatter f. Ytterhaug i Kleive, f. 29. september 1832. Men kven var far hans? Han heitte sjølvsagt Kristian (Christian), men kva meir er det råd å finne ut om han? Ole Kristiansen og Mali Olsdatter kom til Midthaug brn. 2 i 1861. Den 21. juni 1861 er det tinglese skøyte frå Holger Torgersen Aaberge til Ole Kristiansen Roaldset. Ole og Mali er ved folketeljinga i 1865 busette på Midthaug i Kleive, der dei er sjølveigarar. Ole er sagt å vere 33 år, fødd i 1832 og Mali 35 år, fødd i 1830, altså 2 års forskjell frå dei rette årstala. Dette er eit nytt eksempel på at alder oppgitt i folketeljingane må takast med ei klype salt. Ole og Mali har 3 born, alle fødde i Bolsøy: 1) Kristian (5 år), f. 1860. 2) Ole (1 år), f. 1864. 3) Gjertrud (3 år), f. 1862. Besetninga på garden er sagt å vere: 4 kyr, 10 sauer, 4 geiter og 1 gris. Dei sår 2 1/2 tønne havre og 3 tønner poteter. https://www.digitalarkivet.no/ft20090803340512 Under matrikkelrevisjonen i 1866 er desse opplysningane gitt om Ole sin Midthaug-gard: Skylda er 1 ort, 11 skilling. Garden består av 5 1/2 mål åker, 10 1/2 mål eng og dei får 12 1/2 lass høy av bø- og utslått. Avlinga er: 12 tønner havre, 20 tønner poteter, 30 lass høy. Besetninga er 1/2 hest, 2 kyr og 6 sauer. Garden har skog til behov. Matrikkelen av 1907 viser Kristian Olsen Midthaug som eigar av Midthaug brn. 2, 1,51 skyldmark. men 25.11.1911 er det tinglese skøyte frå Ole Kristiansen Midthaug til Løve Ingvald Løvesen Midthaug. Ole og Mali fekk fleire born etter 1865. Seks til såg dagens lys. Her er alle borna deira: Kristian Midthaug, Gjertrud Anna, gift Aspelund, Ole Midthaug, Karen Maria Midthaug, Knut Andreas Midthaug, Josefine Midthaug, Løve Ingvald Midthaug, Ole d.y. Midthaug, og Mathias Midthaug. Ole skøytte frå seg garden til sonen Løve Ingvald Olsen Midthaug, tinglesen 25.11.1911. Løve døde i 1922, og kona Ida Lovise f. Istad sat med garden til den vart seld til dottera Ester i 1937. I folketeljinga av 1910 var Ole og Mali kårfolk på Midthaug. http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1910/15More_og_Romsdal/f9101544_hefte.pdf side 110 Ole Kristiansen Midthaug døde 19. september 1912, medan kona Mali Olsdatter levde til 6. desember 1925. Dette er opplysningar eg for det meste har henta frå Bolsøyboka. Men når det gjeld forfedrene til Ole, står eg på bar bakke. Eg har leita med lys og lykte i Bolsøyboka under Roaldset og Roaldsetli, men der finn eg ingen Kristian (Christian) som kan passe. Heller ikkje i 1801-teljinga for Roaldset og Roaldserti finn eg noko. Det må vel tyde at far til Ole Kristiansen kom ein annan stad frå, og at han må ha kome til Roaldset etter 1801. https://www.digitalarkivet.no/ft20110325670289 Kan nokon hjelpe meg på veg her?
  2. Wenche Johanne Falch

    Tyde innflyttere til Aker prestegjeld

    Familien Ole Halvorsen og Elen Johnsdatter med to barn, Hans 8 og John 2 1/2 år gamle flyttet ut fra Fredrikstad 13.juni 1823, Fredrikstad prestekontor, venstre siden nr. , starter med Ole Halvorsen med nr 93, 40 år gammel. SAO, Fredrikstad prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1816-1834, s. 588-589 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061017010010 Jeg trenger ikke hjelp til tyding på den, men fant også familien som innflyttere , Aker prestekontor . Ville vært fint å få hjelp til tyding av familien som innflyttere. De står nederst på venstre side som nr. 11. Ole Halvorsen er her registrert som 39 år gml, alderen på Elen er den samme 32 år, men det er det jeg klarer å tyde. SAO, Aker prestekontor kirkebøker, F/L0014b: Ministerialbok nr. 14B, 1820-1834, s. 18-19 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061109040156
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.