Dette er ei kjempeutfordring som eg fekk «servert» for 30 år sidan, men som eg aldri greidde å løysa. Kanskje er no tidi kommi?
Britha Johnsdotter, fødd i Luster 12.6.1838 som dotter av John Nilsson (1795-1851) og kona Gjertrud Asbjørnsdotter (1807-1857), husmannsfolk i Lunden anten under Kalhagen eller Rønnei i Luster.
I 1859, medan ho tente i Marifjøra i Hafslo, fekk Britha ei dotter Johanna Andersdotter (1859-1941). Denne jenta voks opp som fosterdotter hjå ein gardbrukar på Joranger i Hafslo, men vart sidan gift og busett i Sogndal.
Truleg var det ein etterkommar etter Johanna som for over 30 år sidan fortalte meg at Britha «Bertha» utvandra til Amerika, og det skal ha skjedd kring 1861. Ho skal ha butt i Houston Co., MN og var gift der anten med ein «Mr.» Reed eller med ein «Mr.» O'Neil. Ho skal vera avlidi i Amerika kring 1930, og truleg kom det den gongen arv til Noreg, for ho fekk ingen born i ekteskapet sitt!
Som sagt greidde eg ikkje å løysa denne kjempeutfordringi den gongen, men eg ville vorte svært so glad om det let seg gjera i dag og takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til identifikasjon av Britha «Bertha» og mann hennar!