Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'opdal'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med på 1980-talet, men som eg måtte gje opp den gongen grunna stor spreiing og manglande tilgong på kjelder. No ser det ut til å vera betre med kjeldetilgongen, men eg står likevel «bom fast» på delar av denne huslyden - kan henda òg på grunn av at eine stesonen visstnok enda opp som metodist? Eg vonar på lite vetta bistand i Brukarforum og syner gjerne fram noverande status av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Christen Østenson {Sandvig}, døypt {i Luster} 27.2.1785, Christen Østensen, som stundom òg nytta ættenamnet Bolstad, flytte til Bergen og gifte seg i Krosskyrkja 13.7.1834 med enkja Ingeborg Marie Baltzersdotter f. Ruud, opphavleg frå Kongsberg. Ho var dotter av sjømann Johan Baltzer, kjend som Baltzer Pederson Ruud på Kongsberg, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona ##### (namn og opphav? – Maren Olsdotter? - gifte Kongsberg 20.3.1790?) og vart døypt på Kongsberg 16.5.1795. Ingeborg gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 27.6.1824 med Bottolf Baardson frå Nes i Sogndal, i Bergen kjend som Bottolf Næss. Han var son av innerst Baard Erikson på Nes, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – kalla Sæbø av Vik ved vigsli i Sogndal, men truleg døypt i Borlaugviki under ytre Borlaug i Leikanger 3.10.1765!?) og andre kona Kari Bottolfsdotter frå ##### (opphavet hennar? – kan henda døypt Haugen, Kaupanger 27.1.1773!?) og vart døypt i Sogndal 18.1.1801. Bottolf var snikkarsvein, og han og Ingeborg budde i Bergen, men Bottolf vart spedalsk og flytte i 1827 inn på St. Jørgen hospital der han d. 25.9.1830. Christen Østensen var dagarbeidar, og han og Ingeborg budde fleire stader i Bergen, for det meste i Krosskyrkjesokni, mellom anna i Bredenbechsmuget der Christen d. 10.7.1840. Ingeborg flytte sidan til Bæversmuget der ho d. som enkje 23.3.1864. Ingeborg fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre: ##### (sjekka at alle er medkomne? – ho vart 1864 etterlevd av ein myndig son!) a. Bertel Olai Bottolfson Næss, f. i Bergen 25.7.1824, d. som torghandlar i Bergen 31.7.1907. Han gifte seg første gongen i Ibestad 13.10.1846 med Ingeborg Cathrine Jeremiasdotter ##### (opphavet hennar? - fødd Ibestad kring 1821? – p: Jeremias Pederson) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891 – finn ikkje Bergen!) Bertel gifte seg so att ##### (dato og stad for andre vigsli hans? – før 1900 – fnn ikkje Bergen – metodistar??) med Oline ##### (fødd Opdal i Sør-Trøndelag! 1847 – 1907: «Oline f. Imland» https://media.digitalarkivet.no/view/27890/135?indexing= ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!) ##### (yrke og bustad? – 1850-åri gardbrukarar på Skildnesplads i Ibestad! – 1865: arbeidsmann i melhandel Bergen 8-8 – 1875: handelsbetjent Bergen 22-97a – 1885: arb. Klaus Frimannsgate Bergen – 1891: lausarbeidar Nøstegaten i Bergen – 1900: lausarbeidar Tydskesmuget i Bergen - borgarskap Bergen (handel) 18.5.1866 – oppsagt 4.9.1868 – var dei metodistar?) ##### (talet på søner og døtrer? – tre born levde att i 1907! – inkl.: * Ingeborg Cathrine, f. Ibestad 26.4.1846, d. kort etter * Christine Marie, f. Ibestad 31.5.1847 * Bendikt Nicolai, f. Ibestad 30.9.1849 – n. 1865/1891 i Bergen – gift og fire born! * Iver Martin, f. Ibestad 23.5.1851 * Johan Andreas, f. Ibestad 10.7.1854 – n. 1865 * Ingeborg Sophie, f. Ibestad 22.3.1857 * Oline Sofie, f. Ibestad 3.10.1859 – n. 1865 * Jeremine Eleonora, f. Ibestad 5.2.1862 – n. 1865/1875) b. Andreas Johan Christensen, f. i Bergen 29.3.1835, d. på ein gamleheim i Kalfarveien i Bergen 17.7.1924. Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 17.5.1860 med Cathrine Eleonora Jørgensdotter Jørgensen frå Bergen, f. i Bergen 14.6.1835. Ho d. i Bergern 22.5.1911. Andreas Christensen dreiv melforretning, og han og Cathrine budde frå kring 1864 på Østre Muralmenning i Bergen. Dei fekk ti born i lag. ##### (sjekka at alle er medkomne: * Johan Cato, f. DK, Bergen 10.8.1861 – n. 1891 (ug. kontorist ved melforretning) * Ingeborg Margrethe, f. DK, Bergen 14.9.1863 * Ragnar, f. DK, Bergen 1.8.1865 – n. 191 (ug. styrmann) * Marie, f. DK, Bergen 27.2.1867 * Agnes Eleonora, f. DK, Bergen 6.3.1869 * Agnes Eleonora, f. DK, Bergen 23.6.1870 – n. 1891 * Hildegard, f. DK, Bergen 4.2.1873 – n. 1891 * Cathrine, f. DK, Bergen 6.4.1876 – n. 1891 * Andreas Johan, f. DK, Bergen 7.5.1878, d. i Bergen 14.12.1881 * Artur, f. DK, Bergen 17.2.1880) c. Marie Christine Christensen, f. i Bergen 26.2.1837, d. i Bergen 7.5.1838. d. Johan Christian Christensen, f. i Bergen 3.3.1840, d. i Bergen 8.3.1841. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive