Eg er på leiting etter biografiske opplysningar om denne mannen:
Johan Hagbart Opsahl, fødd på Laksrud i Stange 11.2.1877 - foreldre var jarnbanemeistar Christian Johannesson Opsahl på Lillehammer, opphavleg frå Opsal i Nes, Hedmark, og kona Helene Haagensdotter frå Langodden i Alvdal.
Johan utvandra til Amerika i 1906 og var i Amerika kjend under namnet John Opsahl. Han skal ha vore gift to gongar - andre ekteskapet vart inngått i Minneapolis, MN 30.6.1915 med enkja Gurine «Rena» Aspelund, f. Solberg, fødd i Yellow Medicine Co., MN 18.3.1879.
FT1920 syner at huslyden då budde i Erwin, Kingsbury Co., SD der John var «dry goods store keeper»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RND-PFX
I lag med dei i 1920 var ein son Arne Opsahl, fødd i Minnesota i 1913, som skal ha vore frå første ekteskapet hans!
Frå Erwin, SD skal parfolket ha flytt til Salt Creek, Natrona Co., WY der Rena døydde 30.1.1924. So vert John borte for meg!!
MEN sonen Arne, fødd i MN i 1913, fekk eg for snart 20 år sidan oppgjeve skulle bu dels på Hamar og dels i Castagnola, Lugano, Sveits, og eg freista ta kontakt med han, men fekk aldri noko svar! No finn eg han att som gravlagd på Hamar (kjelde DIS-Noreg):
Arne John Opsahl 9.5.1913 - 6.4.2007 bisett Hamar
Alt tyder vel på at John Opsahl er komen attende til Noreg med son sin før 1930, men er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til John (Johan Hagbart) Opsahl i Noreg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!