Christen Johannesson Øvrebø (1848-1928), gardbrukar på Øvrebø i Luster, hadde fire søner som utvandra til Amerika:
* Lars Christenson Øvrebø alias Louis Overby (1880-1957), utvandra i 1901 og vart farmar i Adams Co., ND - fekk fem born
* Peder Christenson Øvrebø alias Peter Overby (1887-1968), utvandra i 1908 og vart farmar i Traill Co., ND - fekk åtte born
Då eg jobba med desse huslydane på 1980-talet var eg i kontakt med fleire av desse barneborni av Christen Øvrebø, og her er kva eg den gongen fekk vita om dei to andre sønene (farbrørne) som utvandra til Amerika:
* Melchior Christenson Øvrebø, fødd i Luster 28.6.1878, utvandra i 1899, men skal ha vorte sjuk og døydde kort etter ankomsten, truleg på Austkysten av Amerika.
* Christopher Christenson Øvrebø, fødd i Luster 2.9.1883, utvandra i 1904 og skal ha vore farmarbeidar og fabrikkarbeidar ulike stadar i Minnesota, mellom anna i Morris, Stevens Co., MN og i Minneapolis, Hennepin Co., MN der han skal vera avliden kring 1959 - visstnok ugift(?).
Eg tippar på at både Melchior og Christopher vil stå fram i Amerika med namnet Overby, men eg har so langt ikkje greidd å finna spor etter dei «over there»! Kanskje nokon har betre auge enn eg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!