Eg arbeider med ein søskenflokk som voks opp i Buffalo Co., WI, men der fleire av borni flytte til Polk Co., MN.
 
	 
 
	Ei av dei var Martha Johnson - Mrs. Peter Anderson) (1849-1925) som i mange år budde i Fisher township, Polk Co., MN.  Ein av naboane hennar der var ein som eg mistenker for å ha vore bror hennar:
 
	 
 
	John Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 4.8.1861.
 
	 
 
	Ifølgje slekti skal han ha butt i Pierce Co., WI, men der kan eg ikkje sjå noko til han!  Derimot vert det òg sagt at han var gift og lét etter seg ei dotter som var sjukleg.
 
	 
 
	So er det at eg finn denne huslyden i Fisher village, Polk Co., MN i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTKQ-S6M
 
	 
 
	Johnson, Johns  Aug. 1861  WI  Nor  Nor  agent (houseowner)
 
	Johnson, Margret  Oct 1860  Can  Ire  Ire  wife
 
	married 11 years - 2 children, both alive  
 
	Johnson, Mary E  Sep 1889  MN  WI  Can  daughter
 
	Johnson, Leo J  Nov 1894  MN  WI  Can  son
 
	O'Rilley, Elizabeth  Jun 1858  NY  Can  Ire  sister-in-law  housekeeper
 
	 
 
	Her bur dei òg i FT1895, då med mor hennar og fleire søsken O'Riley: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64L7-5TW 
 
	 
 
	So kjem det store spørsmålet:
 
	 
 
	* Er det mogeleg å identifisera denne John Johnson og huslyden hans?
 
	 
 
	Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!