Dette er ei utfordring som eg har kjobba med sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å løysa! Kanskje no er tidi kommi?
Utgongspunktet er eit stutt manuskript:
~~~~~~~~~~~~
Lars Larsson {Leirmo}, f. {i Luster} 16.2.1849, gifte seg 9.6.1881 med Christina Olsdotter, stedotter av eldste bror hans som tok over heimebruket på Leirmo og soleis òg herifrå garden. Ho var f. 12.11.1856.
Lars og Christine Leirmo utvandra til Amerika i 1882 og slo seg ned som farmarar i New Prairie township, Pope Co., Minn. der Lars d. 5.3.1903.
##### (what became of Christine? – date and place of her death?)
Dei fekk to born i lag:
a. Anna L. Leirmo (1881-1881), f. og d. i Luster.
b. Anna Johanna Leirmo, f. i Pope Co., Minn. 26.8.1882, d. i Pope Co., Minn. 31.10.1882.
~~~~~~~~~~~~
Her er huslyden i New Prairie township, Pope Co., MN i 1885: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_37-0201?treeid=&personid=&hintid=&queryId=b3651ce5f896a66e81fec82d2f8787d7&usePUB=true&_phsrc=Nzx25289&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.100821249.1621079734.1618435785-390650824.1612707015&pId=5181044
Eg finn dei ikkje i FT1895, men:
Her er huslyden i New Prairie township, Pope Co., MN i 1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120301_00070?usePUB=true&_phsrc=Nzx25291&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=26885280
Her er gravferdi til Lars i 1903: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314900-00335?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx25300&_phstart=successSource&pId=3861439
Berre dødsfallet til Christine manglar, og eg veit ikkje mi arme råd korleis me skal finna dette?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!