Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'prisoner'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Denne saki var eg sovidt borti for 6-7 år sidan då eg arbeidde med biografien til denne karen: Nils Erikson Lahd, alias Nels E. Ladd, fødd i Hafslo 23.11.1834. Han utvandra i 1852 og gifte seg i Kansas våren 1862 med den 16 år gamle Martha Jane Brock, fødd i Washington Co., AR 2.1.1846. Dei busette seg i Greenwood Co., KS, men alt 11.9.1862 vart Nels Ladd myrda av ein Christopher Anderson som i mange år gjekk under namnet Chris Hanson. Denne Chris Hanson vart sidan tiltalt for i lag med den tredje kona si (namn ukjent) å ha freista myrda ein Edwin E. Lang i Osceola, St. Clair Co., MO, og han sat fengsla i Missouri State Prison i Jefferson, MO då ein bror av Nels, eg trur det var Ole E. Ladd (1838-1911), likeins busett i Greenwood Co., KS, fekk greie på dette og ville reisa tiltale for mordet på Nels Ladd, Men Christopher Anderson alias Chris Hanson døydde i fengslet i Jefferson, MO 30.7.1876 før denne tiltalen vart reist! Nokre tilleggsopplysningar fekk eg tak i den gongen eg jobba med dette, men ikkje mykje: Christopher Anderson alias Chris Hanson var gift tre gongar og skal i alle fall ei tid ha butt i Osceola, St. Clair Co., MO. Første kona hans var ei søster av Mrs. Lewis Smith «of Osceola, MO, formerly of Franklin Co., MO», som eg trur kan vera identisk med denne L. W. Smith som med kona Susan budde i Osceola, St. Clair Co., MO i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS4-Q97 Når det gjeld identiteten til Christopher Anderson, har eg ein «mistenkt» i «kikkerten», Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831. Far hans sat fengsla i Bergen for falskmyntnari då han døydde i 1848, og i 1851 døydde ogso mori. Christopher var einaste barnet deira, og han utvandra til Amerika alt i 1851! Eg vil tru det må finnast ein del avisartiklar om denne karen og det han «stelte til» i Kansas og Missouri (og kanskje ogso andre stadar), men eg stangar hovudet i veggen og vonar no at nokon kan hjelpa meg leita fram litt fleire opplysningar!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.