I Fillmore Co., MN er det dukka opp ein person med namn:
Ole A. Quarstad - han døydde i Lanesboro, Fillmore Co., MN 11.2.1919 og vert då oppgjeven fødd i «Trondheim» 8.7.1851.
FT1900 oppgjev utvandringsår 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-SGZ
men han reiste nok eitt eller to år etter, for eldste sonen Ole Syver Quarstad var fødd i Noreg 6.1.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C91R-TS6Y-F
Kona heitte Hanna, men ho døydde alt i 1892.
FT1895 syner at Ole då hadde buande hjå seg ei «vaksi» dame med namn Sophie Quarstad, som eg reknar med må vera mor hans: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZD7-8G3
Eg finn ikkje noko gardsnamn Quarstad eller Kvarstad nokon stad i landet, so kanskje er det namnet på ein husmannsplass?
Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut/stadfesta om Ole A. Quarstad følgjande detaljar:
** Fullt namn i Noreg?
** Dato og stad for fødsli hans?
** Fulle namn på foreldri hans samt yrkestitel, bustad og opphav?
** Opplysningar om første kona hans?
** Utvandringsåret?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!