Ifølgje BB for Eid og Hornindal s. 534 er Elias Botolvson Skrede, d. 1781 gift med Kari Andersdatter Rognes, d. 67 år gammal i 1791. https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630154 Men kven er denne Kari Andersdatter? Er ho frå Rognes slik vigselen seier? https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620554 Det same er ho kalla ved trulovinga ei side lenger fram i kyrkjeboka.
Under nabogarden Rognnes, gnr. 52, bnr. 1 finn eg Anders Hallvards. Rand, 'sk. på 1 pd. i 1722, på 1/2 pd. i 1739, d. 48 å.g. 1735, gm. Anne Torgeirsd. Rognnes, d. 67 å.g. 1752.' Dette paret kunne vere foreldra til Kari, men så enkelt er det ikkje. Foretter det eg har funne ut, var Anne Torgeirsdatter Rognes gift tre gonger og hadde ingen etterkomarar. Spørsmålet er då om Anders Hallvardson Rand var gift ein gong før han gifte seg med Anne Torgeirsdatter. Det kan vel vere mogeleg sidan Kari Andersdatter skal vere fødd rundt 1724. Sidan Kari er sagt å vere frå Rognes er det vel ingen andre som kan vere faren enn Anders Hallvardson?
Anders Hallvardson Rognes døyr i 1735. Ved innføringa av likpreika etter han er han, viss eg ikkje les heilt feil, kalla Anders Hallvardson Grothaug = Rognes. https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620458 Sjå innføring nr. 25 på venstre side.
Dette betyr vel at han kjem frå Grothaug i Eid og ikkje frå Rand i Utvik? I så fall er han son til Hallvard Eirikson Ryst, som brukar heile Grøthaug i 1682 og som er son til Eirik Hallvardson Ryst på Ryst 2 i Eid. Det høver på alle måtar betre, for den einaste Hallvard på Rand er Hallvard Jørgenson på Jørnbruket, Rand 9, og han er fødd så seint som 1701 og kan ikkje vere far til Anders Hallvardson Rognes. Men det betyr at det står feil i BB under Rognes, s. 532, der Anders Hallvardson er kalla Rand.
Men dette løyser ikkje spørsmålet om kvar Kari Andersdatter kom frå. Er det nokon som kan kaste lys over dette spørsmålet?