Følgjande barnedåp er innført i kyrkjeboki for Veøy 22.10.1758:
* Mads Olson Remmeim's dotter Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/222
På Eidhammer i Veøy budde i 1801 denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058422002444
og desse foreldri Mads Olson Misfjord og Gyri Nilsdotter Eidhammer gifte seg i Veøy 8.1.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/218
men om dette er den same Mads Olson som hausten 1758 budde på Remmeim, kan eg ikkje seia noko meir om utan lokal bistand...
Eg freistar identifisera ei Gjertrud (Marie) Madsdotter som i 1784 gifte seg i Bergen med Gjert Gunderson frå Askvoll (med mor Anna). Eldste dotter hennar heitte Anna Gurine (oppkalling?) Personleg trur eg IKKJE kona til Gjert Gunderson kom frå Veøy, men eg manglar prov!
PS: Eg har bladd igjennom konfirmantane for Veøy frå 1770-talet, og her fann eg konfirmert i 1778 Gjertrud Madsdotter Eidhammer: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/280
Men FT1801 synte jo òg dei hadde ei dotter Gjertrud som då var 26 år gamal. Hadde dei verkeleg TO døtrer med same namn, eller er alderen frå 1801 feil?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!