Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'reno'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Opplysningane om huslyden til Nils Torkildson Rønnei alias Nels T. Reno fekk eg i all hovudsak frå ein dotterson for 40 år sidan, og opplysningane såg gode ut, men det syner seg i ettertid at ein par vesentlege detaljar manglar. Det gjeld særleg: * Dødsfallet til Nels Reno? * Opplysningar om svigerdotteri Inga Jacobson frå «Bergen»? * Opplysningar om svigersonen Einar Mæland frå Årdal i Ryfylke? Kanskje er det nokon som kan «sjå» løysingi på nokre av desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851. Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei. Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd. Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen. I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika. Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia. Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»). Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905, ##### (this info. to be verified?) medan Martha Reno d. i Hampton, Franklin Co., Ia. 14.8.1939. Dei fekk åtte born i lag: a. Anders, kjend som Andrew N. Reno, f. i Luster 5.1.1875, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Watertown, S.D. 1.10.1936. Andrew gifte seg i Watertown, S.D. 28.12.1912 med ##### (kona sitt norske namn? – opphavet hennar? – Bergen og omland?) i Amerika kjend som Inga Jacobson. Ho var dotter av ##### (fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 24.1.1866. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) og d. i Hot Springs, S.D. 25.8.1953. Andrew Reno var arbeidar («laborer»), og han og Inga budde i Watertown, Codington Co., S.D. Dei var barnlause. b. Anna N. Reno, f. i Luster 5.2.1879, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1882 og d. i Graettinger, Ia. 11.2.1910. Ho gifte seg i Graettinger, Ia. 6.6.1898 med Peter Larson Duhn, f. i Palo Alto Co., Ia. 4.7.1871. Han d. i Graettinger, Ia. 24.11.1968. Anna og Peter Duhn farma i Walnut township, Palo Alto Co., Ia. og fekk seks born i lag. c. Maria, kjend som Mary N. Reno, f. i Luster 22.1.1882, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Alameda, Cal. 15.4.1969. Mary gifte seg i Humboldt Co., Ia. 16.5.1903 med Peder Johannes, kjend som Peter J. Lansing. Han var f. i Humboldt Co., Ia. 3.11.1878 og d. i Alameda, Cal. 28.2.1961. Mary og Peter farma først ei tid i Delana township, Humboldt Co., Ia. men budde sidan mange år i Bode, Humboldt Co., Ia. der Peter var møllearbeidar («elevator worker»). På 1940-talet flytte dei so til Alameda, Cal. der Peter Lansing arbeidde som kontrollør ved ein marinebase («naval base stock room controller»). Dei fekk åtte born i lag. d. Thea Amalia Reno, f. i Emmet Co., Ia. 14.12.1883, d. i Hampton, Ia. 3.3.1971. Thea gifte seg i Cerro Gordo Co., Ia. 21.2.1917 med Grover Arthur Banker. Grover var f. i Franklin Co., Ia. 27.2.1889 og d. i Oakdale, Ia. 21.2.1947. Grover og Thea Banker farma i Marion township, Franklin Co., Ia., men busette seg på 1920-talet i Hampton, Franklin Co., Ia. Dei fekk to born i lag. e. Nilsine Margrethe, kjend som Sena Reno, f. i Emmet Co., Ia. 26.4.1886, d. i Humboldt, Ia. 5.2.1963. Sena gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1908 med William Nels Chantland, f. i Webster Co., Ia. 19.4.1882. Han d. i Ft. Dodge, Ia. 9.8.1971. Sena og William Chantland farma i Waconsta og Delana townships, Humboldt Co., Ia. og fekk fem born i lag. f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972. Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Kyrkhus i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland. Han var son av handelskar Einar Einarson Østerhus på Kyrkhus, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Årdal 11.4.1885. Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980. Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis. Dei fekk seks born i lag. g. Louis Vance Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 8.2.1892, d. i Des Moines, Ia. 26.6.1935. Lewis gifte seg i Nevada, Ia. 2.11.1925 med Gladys Pearl Lounsberry. Ho var f. i Tama Co., Ia. 2.12.1907 og d. i Marshalltown, Ia. 4.7.1965. Lewis Reno var murar («mason»), og han og Gladys budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia. Dei fekk tre born i lag. h. Albert Henry, kjend som Tom Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 3.4.1894, d. i San Luis Obispo, Cal. 13.10.1984. Tom gifte seg i Marshalltown, Ia. 1.7.1922 med Edna Dorothy Dolash. Ho var f. i Tama Co., Ia. 16.4.1903 og d. i Tulare Co., Cal. 4.9.1989. Tom Reno var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Edna budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia., men flytte som pensjonistar til Cayucos, San Luis Obispo Co., Cal. Ingen born. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Erik Christopherson Rønnei - i Amerika kjend som Erick C. Reno, er ein person frå Luster som eg ikkje lukkast finna ut særleg mykje om då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet. Han og kona (eg har ikkje greidd å finna vigsli deira!) budde ei tid i Dickinson Co., IA. Erik «forsvinn» ein gong mellom 1885 og 1897, men om han døydde eller kva som skjedde, veit eg ikkje....? Eg trur kona Martha Danielson kom frå Sand i Ryfylke, og derifrå kom truleg òg den 15 år yngre andre mann hennar, Martin Kittelson, som i Amerika nytta namnet Martin RENO, som ho gifte seg med i Seattle, WA i 1897. Om eg har tolka dokumenti rett, so budde dei ikkje so lenge i lag, og eg gissar på at mannen vart kvalfangar før han fór attende til Noreg!? Det ser òg ut til at Erik og kona adopterte ein nevø av kona, men han veit me ikkje noko om! Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg med manglande opplysningar om denne huslyden, og manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter meir «fotarbeid» har eg greidd å oppdatera delar av dette manuskriptet, og ny versjon følgjer i Innlegg #2 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.