Hei!
Eg driv med research til ein artikkel om bønder utan juridisk eksamen, som likevel fekk løyve til å verke som profesjonelle forsvararar (prokurator i underrettane, advokat i høgsterett, sakførar etter 1848) i norske tingstover før 1848. Dette er interessant for å forstå meir av det faktiske handlingsrommet til allmugen i rettssystemet på denne tida.
Eit sentralt oppslagsverk for å finne ut kven som hadde løyve frå kongen er samlinga til Finn-Grønn. Problemet med den er at FG ikkje har med profesjonelle forsvararar som fekk løyve frå andre enn kongen -- som stiftamtmann, amtmann eller borgarmerster/magistrat. Før 1810 fekk mange løyve frå desse, men etter 1810 var det kun bestalling frå kongen som var gyldig om ein ville verke som prokurator i norske landdistrikt. Eg ser på ei sak frå Sunnmøre i 1816, der ein som "lever af sit Jordebrug" var defencor (Hans Brodersen Røring f.1744/47). Lokalhistorikarar meiner likevel at han kan ha fått løyve frå amt- eller stiftamtmann til å verke som prokurator før 1810, og at dette løyvet var gjeldande også etter 1810. Han var son av ein sokneprest, og kjøpte borgarsete utanfor Ålesund ladestad, så han var ingen kven som helst. Likevel er det interessant om han verka som forsvarar dersom han ikkje hadde løyve og/eller juridisk eksamen.
Eg lurer på om nokon har erfaring med å leite systematisk i statsarkiva etter prokuratorar/advokatar/defencor før 1810? Det ser ut til å vere eit ganske uutforska felt i historiografien så langt, så vidt eg kan sjå.