Eg har fått ein huslyd å jobba med som tydeleg har utspring i gamle Aker, og eg vonar no å finna nokon som har greie på huslydane i denne delen av det «landlege» Christiania:
Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter gifte seg i Aker 22.6.1802 - ingen gardsnamn er oppgjevne:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002205055
I løpet av dei følgjande 20 åri fekk dei fire born i Aker:
* Anna Nilsdotter, døypt i Sognseiget 17.10.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012823764
* Karen Nilsdotter, fødd i Riiseiget 9.12.1808, døypt 19.12.1808: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012828004
* Johan Christian Nilsson, fødd i Riiseiget 3.8.1815, døypt 5.11.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/757/65
* Nils Nilsson, fødd i Vinderneiget 4.7.1822, døypt 4.8.1822: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/80)
Her finn eg vigsli til Johan Christian Nilsson i Aker 30.12.1842 - det står noko om Riis og Toten(?): https://media.digitalarkivet.no/view/570/435
Her finn eg vigsli til Nils Nilsson i Domkyrkja i Bergen 30.7.1854 - fødestad «Ager»: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/13
og at dette må vera «rett» Nils, kan vel provast gjennom innførsli i FT1910 der fødselsdatoen er oppgjeven til 4.6.1822: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708071644
Men so var det altso opphavet til denne huslyden. Nils og Martha ser ut til å ha vore ganske so «bufaste» i Aker, men er det mogeleg å seia noko om:
** Kvar i Aker kan me seia at dette parfolket enda opp? - kva plass under kva gard?
** Kvar var Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter fødde og oppvaksne?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!